Sangkor

Kultur i IA

Kulturdepartementet fordelte fem millionar kroner til Kultur i inkluderende arbeidsliv i 2010. Midla blei brukt til å utprøva praktiske modellar for Kultur i IA.

Publisert

Er sangkor noko for di verksemd? (Ill. foto: Colourbox.com)

Formålet er å samle erfaringar om korleis kultur kan bidra til å oppfylle dei viktigaste måla for IA-arbeidet, så som godt arbeidsmiljø, auka nærvær, mindre sjukefråvær og mindre fråfall i arbeidslivet, skriv nettstaden regjeringen.no.

I fyrste søknadsrunde blei det gitt tilskot til 28 søkjarar innafor ei samla løyving på omtrent to millionar kroner. I andre søknadsrunde blei det fordelt omtrent tre millionar til i alt 54 søkjarar. Kvar søkjar får frå kr 40 000 til kr 200 000 i tilskot. Dei tiltaka som fekk støtte, omfattar kultur innafor mange ulike sjangrar. Det er mellom anna gitt tilskot til tiltak innafor revy, teater, kunst, opera, kor, musikk, grafikk, fotografi og lyrikk. Fleire bedrifter arrangerer kulturtiltak i lunsjpausen.

Tiltak med stønad frå IA.:

I fyrste tildelingsrunde:

● Hapro på Hadeland (intern revy).

● Lier kommune (det store Lier-korslaget).

● Flatanger kommune (fotografi-prosjekt).

● Notodden kommune (kunstpausar).

● Haugesund kommune Kultur- og festivalutvikling KF (filmproduksjon).

I andre fordelingsrunde:

● Litterær matpakke (forfattargjesting i kantina) og minikonsertar i kantina i rådhuset til Meland kommune.

● NSB kundesenter og Fabrikken AS i Lillehammer: Fem ulike grupper for kulturaktiviteter som dei tilsette kan delta i: MobilArt, grafikk, hett glas, Jobeka (gamle handverktradisjonar) og collageuttrykk.

● Fotokurs og fotokunstkonkurranse med tema søppel, BIR Transport AS (ansvarleg for avfallshandtering i Bergen og omland).

● NHO Østfold, LO Østfold, NAV arbeidslivssenter Østfold og 15 verksemder i privat og offentlig sektor skal få eit teatermiljø i Fredrikstad til å lage eit forumteater. Framsyninga skal klargjere nokre av dei utfordringane tilsette og leiar står ovafor for å lukkast i IA-arbeidet.

(regjeringen.no)

Hald deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som blir sendt ut ein gong i veka!Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgåver i året!

"
Powered by Labrador CMS