Fusa kommune er tildelt Arbeidsmiljøprisen 2011 for Hordaland. Utdelinga fann stad på Arbeidsmiljøkonferansen i Ulvik i oktober. KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Hordaland står bak prisen.
Bading heile året er eitt av tilboda frå Fusa i farten. (Foto: Jan Tveita)
I grunngjevinga vart særleg Fusa i farten-prosjektet trekt fram. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Fusa fremja Fusa kommune som kandidat for årets pris og grunngav kandidaturet med det arbeidet som er gjort med arbeidsmiljøet i heile organisasjonen den siste tida og særleg i 2011.
Fusa i farten
Den store arbeidsmiljøsatsinga i år har vore Fusa i farten, som vart sett i gang etter initiativ frå AMU i kommunen. Prosjektet har ført til omfattande lokal og nasjonal merksemd og mediadekning. Dette har i seg sjølv også ført til auka sjølvkjensle i organisasjonen, skriv kommunen på sine heimesider.
Engasjement og samhald
I tillegg til å gje eit løft med auka fysisk aktivitet har det gjeve engasjement, motivasjon og samhald i einingane og i heile Fusa kommune. Aksjonen gav difor eit godt bidrag både til fysisk og mental folkehelse blant dei tilsette i kommunen og eit betre arbeidsmiljø, heiter det i grunngjevinga frå AMU.
Romsleg
Andre faktorar som medverka til at Fusa kommune fekk arbeidsmiljøprisen er:
Fusa kommune:
● er IA-bedrift som byr dei tilsette på unike kulturopplevingar.
● Har gjennom året hatt oppfrisking av verdisettet Romsleg.
● Har eit lågt sjukefråvær, og det vart i 2010 redusert endå meir.
● Har satsa medvite på leiarutvikling og kompetanseheving.
● Har ein grundig og god kommuneplan med fokus på eit godt arbeidsmiljø.
(Fusa kommune)
Håvard Ragnhildstveit har vore ildsjel i prosjektet Fusa i farten. (Foto: Jan Tveita)
Du kan lese meir om Fusa i farten i siste nummer av HMS-magasinet, som er ute i posten nå!