Irene Stana Midthun, Floke Grønn Frisør, Voss

Frisørbedrift vann arbeidsmiljøpris på Voss

Frisørsalongen Floke Grønn Frisør AS vann den første arbeidsmiljøprisen delt ut av Voss BHT.

Publisert

Daglg leiar Irene Stana Midthun tek imot prisen på vegner av Floke Grønn Frisør AS. (Foto: Voss BHT)

Prisen er den første Voss bedriftshelseteneste har delt ut, og går til ei bedrift som har utmerka seg ved å gjera ein stor innsats for arbeidsmiljøet og har hatt HMS-arbeidet som eit gjennomgåande og viktig satsingsområde.

Inkluderande haldning

Leiinga i Floke Grønn Frisør har aktivt fremja og stimulert til eit godt arbeidsmiljø via ei inkluderande haldning, der dei tilsette opplever stor grad av tilrettelegging, medbestemming og påverknad. Viljen er stor til å gjera arbeidsmiljøet så godt som mogeleg for alle, og bedriftskulturen vitnar om eit førevar-prinsipp.

Bedrifta har heilt frå oppstartfasen sett nytten av og vore oppteken av å ha HMS i fokus, trass i ei næring der førebyggjande fokus kanskje har vore lite prioritert. Juryen meiner bedrifta står fram som eit banebrytande døme, som gjev viktige signal til alle næringar, men spesielt til deira eigen bransje.

Mange utfordringar i frisøryrket

Vinnarbedrifta tilhøyrer ei næring der høgt sjukefråvær, fråfall i ung alder og høgt konfliktnivå er eit stort problem. Det at dei tilhøyrer eit kvinnedominert yrke med lågstatus og rekrutteringsproblem, gjer det ekstra viktig med fokus på HMS. Bedrifta har jobba aktivt og ser samanhengen med å setja ting i system, ha dei rette målsetjingane og haldningane og det å levera topp kvalitet.

Miljøvenleg frisørsalong

Bedrifta er bygd opp rundt ein økologisk og miljøvenleg profil. Trass i eit avgrensa utval i miljøvenlege produkt, som har fokus på arbeidstakaren og helsa til kunden, er bedrifta på kort tid blitt konkurransedyktig.

Floke Grønn Frisør gjennomførte òg eit større arbeid i 2008-2009 ved å bli Miljøfyrtårn.

Arbeidsmiljøprisen blei delt ut under den årlege HMS-dagen til Voss BHT 21. oktober. Voss BHT fyller 25 år i år, og bedriftshelsetenesta innførte prisen i samband med jubileet sitt.

(Pressemelding)

Powered by Labrador CMS