AiR-Rauland
AiR-Rauland

Nye tilbod ved AiR

Rehabiliteringssenteret AiR var ein av spesialisthelseinstitusjonane som i fjor haust fekk tildela ei fireårs avtale med Helse Sør Aust for rehabiliteringstenester. Avtala inneber nye behandlingstilbod i senteret sin klinikk.

Publisert

Rehabiliteringssenteret AiR i Telemark. (Foto: Jan Tveita)

Forutan det eksisterande tilbodet innan arbeidsretta rehabilitering tilbyr Rehabiliteringssenteret AiR gjennom den nye avtala også rehabilitering til personar med kroniske smertetilstander og personar med diagnostisert CFS/ME. Dette er brukargrupper AiR Klinikk kjenner godt til og har lang erfaring med frå andre rehabiliteringstilbod.

– Det er mange personar som kan nyttiggjera seg av våre nye tilbod ved AiR. Gjennom fleire års erfaring med både diagnosespesifikke og diagnoseuavhengige tilbod har AiR tileigna seg god kjennskap også til brukargruppene som no får eit nytt tilbod. Våre faglege tilbod er gode, og me ynskjer heile tida å forbetre oss. Dette har også blitt lagt merke til av Helse Sør Aust som gjev oss svært høg score når det gjeld kvaliteten på våre tilbod, uttalar leiar av AiR Klinikk Jon Hovda.

Målet med dei nye rehabiliteringstilboda er å heve livskvaliteten til brukarane gjennom å auke funksjonsnivå og meistringsevne. Kvar brukar vert fylgd opp av eit eige fagteam beståande av lege, sjukepleiar, sosionom/arbeidskonsulent, fysioterapeut og idrettspedagog.

Rehabiliteringssenteret AiR er lokalisert i Rauland i Vinje kommune og er ein institusjon i spesialisthelsetenesta. Ved årsskiftet bytte Attføringssenteret i Rauland namn til Rehabiliteringssenteret AiR.

(Pressemelding)

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uken! Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS